Ørstakoret feirar jubileum med solistar frå Operakoret og Det Norske Solistkor

Øving: – Det er ein del positive nervar ute å går, absolutt. Men vi gler oss veldig for det er eit fantastisk verk som ein kan kose seg med å høyre. Ein stor konsert, og for koret er det også ein stor konsertoppleving, seier dirigent i Ørstakoret, Ketil Grøtting. 

Kultur

I høve 80-års jubileum planlegg Ørstakoret å setje opp to framsyningar av «Messias» – eit verk dei først framførte i 1959.