Storslegen countrykveld på Vartdal

Band: Heile bandet i den flott opplyste kyrkja.  Foto: Arne Ola Grimstad

Kultur

Kyrkja på Vartdal er kanskje den einaste i Ørsta kommune som er skikkeleg bardunert, for synnavinden frå dalen i Nordre Vartdal kan vere skikkeleg hard. Ei historie går ut på at då dei bygde denne kyrkja, makta bygningsmennene ikkje å drive trenaglane mote vinden, medan dei på andre sida let vinden gjere arbeidet med å drive inn naglane.