Sleppkonsert på Rokken

Ny plate frå Egil Olsen

Kjem med dobbeltalbum og skal ha releasekonsert på Rokken
Kultur

Sjølvironien er på plass, også når den utflytta ørstingen driv PR- for si nye plate:

"Den kritikerroste indie-legenda slepp ei fargerik konfettikanon av ein godtepose… neida, eg har mitt eige plateselskap og skriv presseskriva mine sjølv", står det i presseskrivet frå Egil Olsen.

Han fortel vidare: "25. oktober slepp eg ‘Rare’ - ei samling 20 uutgitte songar. Songar frå film/spel, demoar, alternative versjonar og coverlåtar. Alt fra Ice Ice Baby med country-twang og Boombastic med strykekvartett, til hyllest til nylig avdøde Daniel Johnston og tidlegare avdøde Elvis Presley. Eg har alltid prøvd å snike inn ein coverlåt eller to på konsertane mine. Ein heil sommar covra eg hip hop ein gong i veka på P3, og for nokre år sidan, gjorde eg ein fin serie med breakuplåtar på P2. Eg opnar plata med ein personleg favoritt fra Elvis - ‘Do You Know Who I Am’. Den spelte eg inn og ga i julegåve til bror min for over ti år sidan. Han er blodfan - av Elvis. Natta Daniel Johnston døde, fekk eg ikkje sove. Eg sat i studio heile natta og høyrde på musikken hans og spelte inn ‘Crazy Love’, ein song eg først covra på ein Daniel Johnston tribute-konsert på John Dee. Eg vil eigentleg spele alle songane hans. Eg vil også teikne alle dei fine teikningane hans."

"Den kritikarroste indielegenda" skal ut på ein turne i haust, og byrjar på Rokken i Volda 24. oktober. Så her vert det "releasekonsert".