Skal kombinere salmar og hardrock i Stjernekamp

  Foto: NRK

Kultur

Beate Slettevoll Lech er ein av fem attverande deltakarar i Stjernekamp på NRK. Laurdag vart ho stemt vidare av tv-sjåarane då norsk på norsk og gruppeoppgåver var tema. Slettevoll Lech har valt seg klassisk hardrock i Deep Purple med Highway Star, og når salmane skal framførast er det Mitt hjarte alltid vankar valt.

Deltakarane har fått rettleiing frå gitarhelten Ronni Le Tekrø i hardrock og songstjerna Helene Bøksle i salmar.