Overlever Beate hiphop-kvelden i Stjernekamp?

  Foto: David Dundas/NRK

Kultur

Beate Slettevoll Lech imponerte dommarane i Stjernekamp under country-kvelden førre laurdag med sin versjon av «The Moon Is a Harsh Mistress». Likevel var artisten frå Volda ein av tre som fekk minst stemmer av publikum, men 45-åringen er med vidare i konkurransen.

Komande laurdag er det hiphop som står på programmet for deltakarane. Ein sjanger få av dei har vore bort i tidlegare. Dei sju deltakarane som er att har fått rettleiing av Madcon. Slettevoll Lech har valt seg låten «In The Club» av 50 cent frå 2003.

Så står det att å sjå om Slettevell Lech klarer å overbevise både dommarar og publikum.