Internettgenerasjonen er tema for årets animasjonsfestival i Volda

Animation Volda vert arrangert for trettande år på rad. 

Kultur

I dag byrjar Animation Volda, og fram til søndag vert tema internettgenerasjonen. Festivalen vert arrangert av animasjonsstudentane for trettande år på rad.

På programmet er det filmvisingar frå fleire titals filmskaparar, samt foredrag med bransjefolk.

PR-ansvarleg for Animation Volda, Karoline Haugland, seier ho gler seg veldig til programmet:

-Festivalen har blitt veldig stor internasjonalt, og det er mange som sender inn bidrag. Vi ventar mange store gjestar frå heile verda – frå fra Argentina, Tyskland, Danmark og fleire andre land, seier Haugland til Nernett.no.

Blant gjestane har festivalen Staffan Linder,  som har jobba på storfilmar som King Kong, Kick-Ass og Kon-Tiki.

På søndag er det barnas dag, og då er det gratis for både barn og voksne.

– På søndag er alle velkomne. Då skal vi vise nokre filmar som Øyra barneskule har vore med å lage, fortel Haugland.

Og som nemnt er temaet i år «internettgenerasjonen». Ein skal ta opp korleis internett vert brukt i dag, og korleis ein bør vere kritisk til det visuelle ein finn på nettet, ikkje nødvendigvis berre det som vert ytra med ord.