EDM-fest i Stjernekamp

  Foto: Julia Marie Naglestad, NRK

Kultur

Beate Slettevoll Lech har imponert dommarane i Stjernekamp i kategoriane stadionrock og MGP. Voldingen som er kjent frå Beady Bell og jazzuniverset er sist ut blant dei ni gjenverande deltakarane laurdag kveld. Temaet for kvelden er EDM (elektronisk dansemusikk). Slettevoll Lech har valt seg ut songen Without You av David Guetta og Usher frå 2011.