Rotlaus spelte skulekonsert for rundt 1.700 tilskodarar

- Dette var skikkeleg bra

God stemning.  Foto: Joachim Åsebø

Kultur

Aldri før har alle elevane i Ørsta-skulen vore samla til eitt arrangement. Det skjedde fredag føremiddag då Musikk i sentrum starta sitt 5-årsjubileum. Ein stad mellom 1.600 og 1.700 publikummarar kom inn dørene på Ørstahallen. Dei minste elevane hadde eigne plassar på tribunen. På hovudområdet framfor scena var det mange som vil kome nærast mogleg medlemmane i Rotlaus. Før konserten starta gjennomførte alle dei frammøtte Bli med-dansen og skapte god stemning i hallen.