Siste konsert for Pikekysz

– Det «store» musikk-Noreg hadde nyst byrja å snuse på oss

Pikekysz inviterer til storkonsert i Ålesund i september. Dette blir også Ørsta-bandet sin siste konsert.

Avsluttar i Ålesund: Pikekysz skal spele sin siste konsert 13. september. Den blir i Ålesund. Her frå Linderock i 2018. Foto: Neo  Foto: Neo

Kultur

Ørstabandet Pikekysz har hatt ei eventyrleg karriere. Til trass for at dei har halde på saman berre i fire år på hobbybasis, har bandet rundt 80 konsertar på samvitet og har besøkt stadar i heile Noreg. Frå Sortland og Narvik i nord, til Halden og Jæren i sør. Før sommaren i år, med mykje speling på planen, slutta vokalist Mariann Humberset brått. Bandet vart berga av Tonje Aakre som har vikariert tidlegare, og kunne gjennomføre konsertar på mellom anna Moldejazz og RockStream Festival. Sidan Aakre er busett i Bodø, så er ho ikkje ei permanent løysning for bandet og Pikekysz må sjå andre løysingar. Det gjer dei ved å «avslutte» karrieren med ein storkonsert på Terminalen Byscene i Ålesund saman med bandet Ahead Of The Curve.