Fekk 1.- og 2.-plass, pluss stipend

Åsmund Farstad tok første– og andreplass i felespeling i helga, og fekk i tillegg eit stipend på ti tusen kroner.

Åsmund Farstad  Foto: Privat

Kultur

Den musikkglade voldingen Åsmund Farstad har spelt fele i 11 år. Han er med i Spelemannslaget Fjellom, og var i helga med på Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Kinsarvik. Der står kappleik og konsertar på programmet, men også konkurransar. Farstad gjorde det godt, med høvesvis 1. og 2.-plass i juniorklassa i greinene fele og hardingfele. På fele fekk han 72 poeng av 100 moglege, og på hardingfele fekk han 70 poeng.

Til dagleg går Farstad andre året på musikklinja på Volda vidaregåande skule, der han har fele som hovudinstrument. Han har vore med på landsfestivalen to år på rad, og syns det er kjekt å få bryne seg i konkurransar.

– Eg stiller ofte på kappleik, og syns det er veldig gøy å konkurrere. Det er kjekt med musikk, seier Farstad, som kunne ta med seg ein pen pengesum heim frå landsfestivalen. I tillegg til pallplasseringane, vann han nemleg Furestipendet. Eit stipend på ti tusen kroner som kvart år vert delt ut til ein junior som merkar seg særskild.

– Eg tenkjer eg må bruke det på noko som er relatert til musikken. Kanskje til å ta timar med proffe musikarar, seier Farstad.