Åsmund Farstad frå Volda til topps på Jørn Hilme-stemnet

Åsmund Farstad frå Volda vann juniorklassen i fele under Folkemusikk- festivalen Jørn Hilme-stemnet som avslutta i Valdres søndag.
Kultur

Han deltok både på fele og hardingfele og fekk høgste poengsum med vanleg fele.

Til topps: Åsmund Farstad frå Volda gjekk heilt til topps i juniorklassen i fele under Folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet i helga. Pressefoto 

Jørn Hilme-stemnet dreg mykje tilreisande publikum, også på grunn av dei populære kursa i folkemusikk og dans. På det femdagars ungdomskurset «Strunkeveko» møtest ungdom frå store deler av landet for å utvikle seg innan spel og dans og knyte band til andre med same interesser. Åsmund Farstad var i år deltakar på fordjupingskurset i hardingfele.

Den fornøgde festivalsjefen Ellen Persvold kunne rekne 9800 besøkjarar på arrangementa. Mellom dei mest populære postane var utframføringa av eigenproduserte På Pynté, fjellkonserten med Jonas Fjeld og Kvarts – og sommarkveldane med dans og intimkonsertar på Valdres Folkemuseum.

Heilt til topps i kappleiken gjekk Alexander Aga Røynstrand frå Hardanger spelemannslag. Han vann seniorklassen for hardingfele/vanleg fele.

I vokalklassen vann Stian Johan Roland frå Øystre Slidre spel- og dansarlag. Saman med Tone Voldhaug tok han like godt også dobbelsiger i klassen for pardans med ein springar og ein bonde frå Valdres.

Ingvild Lie frå same laget vann klassen for eldre folkemusikkinstrument og gjekk saman med Knut og Ole Aastad Bråten også til til topps i klassen for samspel av alle slag.

Talet på deltakarar i kappleiken var høgare enn på mange år. Stor aktivitet i juniorklassen stadfestar posisjonen til Strunkeveko og Hilme-stemnet som ein av dei viktigaste arenaene i landet for rekruttering innan folkemusikk og dans.