Sommarfest med Lurivar i Aasen-tunet

– Kjempekjekk framsyning

I strålande sommarvêr var det ingenting å seie på stemninga i Aasen-tunet fredag ettermiddag. Lurivar inviterte til sommarfest og gjestene storkosa seg.

Sommarfest med Lurivar: Lurivar, spelt av Marit Lid Skorstad, inviterte til Sommarfest i Aasen-tunet fredag. 

Det handlar om å ha aktivitetar som treff alle

Ida K. Aarflot Kornberg
Kultur

– No må eg ut i sola og leike meg før eg vert teken med inn att i draumeland, sa Lurivar etter å ha innleia sommarfesten med framsyninga «Lurivar i drøymeland» inne i Aasen-tunet.