Vegard frå Rotlaus inspirerte elevane

Onsdag 19. juni var Vegard Hansen i frå Rotlaus med på avslutninga av det nynorske leseprosjektet på 8. trinnet på Ørsta ungdomsskule. Han fortalde om korleis dei arbeidde med samskriving i bandet, og at det var Bjørn-Marius Breivik Øyehaug som var låtskrivaren hjå dei.

Vegard Hansen i frå Rotlaus kom til Ørsta ungdomsskule og deltok under avslutninga av leseprosjektet på 8. trinn. Han fekk gleda av å trekke vinnarane av leselodda.   Foto: Kristin Årseth

Kultur

- Vegard formidla levande og godt om prosessane som ligg bak det å skrive band-lyrikk og korleis ein kan samskrive seg til fengjande låtar ved å tenkje på rim og rytme. Han inspirerte ungdomsskuleelevane som lytta til det han sa, fortel faglærar Hjørdis Almelid Vikenes.

Rotlausmedlemet fekk ei bok av Erna Osland med småfortelingar om vennskap som takk for at han velvillig stilde opp.

Elevane har arbeidd med nynorsk leseprosjektet over fleire veker no i vår. Det har vore lese stilt kvar for seg, høgtlesing av boka Keeperen og havet av Maria Parr og alle har skrive eit sjølvvalt forfattarportrett.

  Foto: Malin Løvik Skjåstad

- Vi takkar gåvesponsorane våre for gode bidrag på premiesida, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre og Nynorsk kultursentrum. Elevane har blitt kjende med forfattarar som skriv ungdomsbøker på nynorsk. Vi har samtalt om nynorsk identitet. Vi ønskjer at elevane skal kjenne at nynorsk er deira målføre, og kjenne at å skrive på nynorsk er like naturleg som å snakke dialekt, seier faglærar Kari Velle Eiksund.

Vegard Hansen gler seg til å treffe att elevane når Rotlaus skal ha konsert for 1.300 Ørsta-elevar i Ørstahallen fredag 6. september i samband med at Musikk i sentrum feirar 5-års jubileet sitt. Det vert ein gratiskonsert for elevane.