Eirik Risholm Velle er klar for å spele konge:

Legg puslespelet heilt på nytt

Brikkane i Herøyspelet vert stokka om og lagt på nytt til ei forestilling der den nye regissøren lovar berg-og-dalbane. Og det betyr intense øvedagar.

Eirik Risholm Velle, i grøn jakke, skal spele Olav Haraldsson i Herøyspelet.  Foto: Pressefoto

Kultur

Men ørstingen Eirik Risholm Velle er klar. Han var med som Olav Haraldsson, heilag-kongen for første gong i fjor, og er den einaste av dei profesjonelle frå 2018-staben som er med i år.

- Det var artig å få demonstrert for seg sjølv kva som krevst for utespel når det kjem til stemmebruk og fysikalitet, og det var kjempekjekt å få lov til å spele denne rolla igjen.

Ein annan som er klar er Benjamin Sandvik Igesund (14). Han er med på Kongens Ring for sjette gong

- Det er så gøy og det er kjekt å få leike gamle dagar for ei veke.

Han er med saman med brørne sine Kristian (10), Aleksander (13) og mamma Beate som syng i koret. No er dei og resten av dei snart 200 aktørane i gang med øvingane som skal ende med premiere på laurdag om ei veke.

Styreleiar Linn Therese Sævik gler seg over at dei endeleg er i gang.

- Vi har tenkt og planlagt sidan i fjor, men og no er vi omsider i gang og det er så stas å få treffe igjen alle kjekke folka, både gamle kjende og nye som er med. Og så er det noko heilt spesielt med å få lov til å vere i lag om å skape det vi håper og trur skal bli ei fantastisk forestilling.

Idun Losnegård og Jeppe Beck Laursen blir årets trollkjerring og Fe den synske.  Foto: Pressefoto

Eit spennande år

Sævik seier det er ekstra spennande i år med nye skodespelarar over heile rekka og ny regissør som verkeleg har lagt brikkane på nytt.

- Og så gir vermeldingane oss litt ekstra spenning, men det er visst nymåne på tirsdag og om nokon kan fortelje oss kva det betyr for veret, framover, så vil vi gjerne høyre det!

Regissør Jeff Pedersen har gått ut frå det opprinnelege manuset som vart brukt til første forestillinga i 1992. Derifrå har han bygd ei forestilling som han lovar at publikum vil oppleve som heilt ny.

- Vi har gjort store endringar for å skape meir driv i spelet. Vi har skifta rekkefølge på nokre scener, teke vekk noko tekst, det blir meir drama, meir action og meir spenning.