I drøymeland med ballettskulen

"Draumar" var tittelen på Ballettskulen Ørsta Volda sitt vårshow.
Kultur

Og draumar vart verkelege på scena. I 19 dansar trollbatt dei 150 dansarane publikum. Og små smakebitar frå storsatsinga Nøtteknekkeren fekk dei også. Nøtteknekkeren vert sett opp på Operahuset Nordfjord i januar neste år, saman med symfoniorkesteret i Volda. Smakebitane frå scena denne helga, lovar godt.