Mari Boine skapte magi i Aasen-tunet

"Ei kvinne blant publikum sa etterpå at ho kjende håra på underarmen reise seg – og vart ståande slik – heile konserten gjennom"

Mari Boine er truleg den mest internasjonale musikar og artist frå Noreg.

Mari Boine.  Foto: Arne Ola

Kultur

Sidan ho starta si karriere som samisk musikkformidlar, både gjennom joik og song, har ho heile tida ført ein til dels nådelaus kamp for sin eigen identitet og kultur, med sterkt kritikk overfor den  politikk som storsamfunnet har ført overfor minoritetane, ikkje minst på det kulturelle området.  Og ho har ikkje berre nytta finstilte våpen mot den enkelte, men også nytta grovkalibra «hagle».