Avduking av skulptur i Elvadalen

– Lyden høyres ut som ein gamal voldamotor

Laurdag vart resultatet av NoDå-prosjektet avduka på Presteholmen i Volda. Skulpturen lagar lyd ved hjelp av vatnet i elva.

NoDå-ungdommane: F. v. Even Finnøy, Emilie Myrene Stokke, Petrine Ystebakk Sjåstad, Ylva Homlong, Birgithe Kristine Runde og Idun Dorthea Sjøhelle Eiksund.  Foto: Stine Akeren Bjørdal

Kultur

I fjor vår gikk seks ungdommar frå Ørsta, Volda og Vanylven i gong med prosjektet «Lyden av vatn». Laurdag ettermiddag var skulpturen på plass på Presteholmen. Omlag 70 møtte fram til opninga for å sjå – og ikkje minst høyre – på installasjonen.