Strømme-galleriet høgtidleg opna

Torsdag vart det nye nasjonale Olav Strømme-galleriet offisielt opna på Ørsta Kunsthus.

Fullt hus under opninga av Olav Strømme-galleriet.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

- Kunsthuset i Ørsta er ein heilt spesiell stad for meg, helsa ordførar Stein Aam.

Saman med Volda-ordførar Jørgen Amdam stod han for den offisielle opninga av Strømme-galleriet.


Olav Strømme-galleriet

– Eg håper ørstingane veit kor stor Olav Strømme er, og er stolte over det kunstlaget har fått til

– Eg håper og trur at eit eige Olav Strømme- galleri i Ørsta vil vere ein publikumssuksess som vil auke forståinga for dimensjonen i arbeidet hans.


- Dette var eit bygg som Grepa hadde i stodomstida si, og her gjekk underteikna si læretid som verktøymakar i fem år, fortalde ordføraren.

Han stod difor på barrikadane då ny områdeplan for sentrum opna for riving av kunsthuset.

- Heilt uaktuelt! var svaret frå Aam.

Ordførarane Jørgen Amdam og Stein Aam fekk æra av å opne Olav Strømme-galleriet.   Foto: Janne-Marit Myklebust

- No vil eg berre gratulere med dagen til alle dei som har stått på for å få realisert Strømme-galleriet. Dette er bevis på at vi er eit kraftsenter for kunst og kultur.

Jørgen Amdam rosa også arbeidet som er lagt ned for å få realisert det nasjonale galleriet.

- Det er uhyre viktig at vi greier å ta vare på kunsten vi har, og vise det fram. Dette viser noko av den ånda og den sterke kulturarven vi har, og som eg vil seie er særskilt for eit såpass lite samfunn som vi har. Det er utruleg kva vi har fått til her gjennom tidene. Og litt småfight mellom Ørsta og Volda, det skaper berre enno meir produktivitet, sa Amdam, til latter frå eit fullsett Strømme-galleri.

Jorun Marie Kvernberg stod for det musikalske innslaget under opninga av Strømme-galleriet.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Ørnulf Opdahl har vore med i minnestiftinga etter Olav Strømme, og har vore sentral i å velje ut bilde til utstillinga, saman med Ragnvald Solnørdal.

- Strømme var utvilsamt ein av dei store biletkunstnarane i sitt århundre, Per Hovdenakk ville sagt at han var den viktigste. Eg hadde også gleda av å kjenne han, og det var fantastisk å høyre han fortelje. Han følte sge heime hos oss, som var ein yngre generasjon, enn han gjorde saman med sine samtidige. Det var fordi han såg mykje lenger framover, og han valde eit formspråk som var annleis enn det som var in i tida, helsa Opdahl, som gratulerte Ørsta med sitt nye Strømme-galleri.

Ørnulf Opdahl har vore med i minnestiftelsen etter Olav Strømme, og har saman med Ragnvald Solnærdal valt ut bilda til utstillinga på Kunsthuset.  Foto: Janne-Marit Myklebust