Dei nynorske festspela er igang

"Aasen levde i skrifta, og skrifta levde i han"

Anders Aanes, konstituert dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, la ned blomar ved Ivar Aasen-statuen torsdag. Dette markerer starten på Dei nynorske festspela.

Konstituert dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes la ned blomar ved Ivar Aasen-statuen torsdag. Dette markerer starten på Dei nynorske festspela.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

- Sett under eitt er forteljinga om Ivar Aasen ei eineståande, spennande historie som har i seg så mange ulike element. Eitt av desse elementa er også kjærleikslivet hans, det vil seie mangelen på det. Vi veit at Aasen grunda ein del på at han aldri vart gift. I den heltedyrkande biografitradisjonen utvikla dette seg til å bli ei martyrforteljing, der Aasen ofra kjærleiken og livslykka si for å gi folket eit språk, sa Aanes i talen sin.

Konstituert dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes.  Foto: Janne-Marit Myklebust

- Spørsmålet er om ikkje Aasen fekk det akkurat som han ville, utan at det nødvendigvis var eit stort offer for han. Då han reiste til Bergen i 1841, var det fordi han ønskte å bruke evnene sine til noko anna enn å vere lærar. Aasen levde i skrifta, og iskrifta levde i han. Det har ført til at framifrå forfattarar som festspeldiktar Carl Frode Tiller, kan skrive nye forteljingar i eit skriftspråk dei har funne røysta si i, helsa Aanes.

Mange tok turen til Ivar Aasen-statuen i sentrum for å få med seg markeringa.

Mange tok turen til markeringa ved Ivar Aasen-statuen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Tema for årets festspel er "Forteljingar". Og det var forteljinga om Ivar Aasen Aanes valde å fokusere på under blomemarkeringa.

- Ivar Aasen var ikkje eit gjennomsnittsmenneske, man han likte strukturar og system. Å sjå den store samanhengen i det enorme språklege materialet som fanst i Noreg, kunne verke som ei umogleg forskingsoppgåve å ta på seg, også med tanke på kor vanskeleg det var å ta seg fram i Noreg på den tida.

Blomar ved bauta - markering ved Ivar Aasen-statuen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Aanes fortalde om eit vendepunkt i Aasen sitt liv. Reisa til Bergen i 1841, og særskild då biskop Jacob Neumann sette av tid til å snakke med Aasen.

Det vart lagt blomar ved Ivar Aasen-statuen for å markere opninga av Dei nynorske festspela.  Foto: Janne-Marit Myklebust

 

- Frå å vere ein gåverik privatlærar på Sunnmøre, gjekk Aasen no over i det offentlege rommet då biskopen let prente ein sjølvbiografi Aasen skreiv på dagen då han var i Bergen, og dessutan ein omtale av han, i Bergens Stiftstidende. I denne augneblinken i livet hadde Aasen kanskje klart føre seg at dette var ein eineståande sjanse som baud seg fram: Her kunne han gjere eit val som endra livet hans.

- Og han greip sjansen.

Direktør og styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark og Lodve Solholm.  Foto: Janne-Marit Myklebust

 

- Vanlegvis seier vi takk Ivar Aasen; men i dag er det også på sin plass å seie takk til bipersonane i forteljinga. Takk, biskop Jacob Neumann. Takk, Frederik Moltke Bugge. Og forresten: Takk også til deg, kaptein Daae, for at du gav Aasen 20 spesidalar, slik han kunne reise til Bergen, og det som vart vendepunktet i forteljinga om Ivar Aasen.