Album nummer seks er ferdig

Stig med gitarferd på fjorden

Laurdag 22. juni lanserer Stig Ulv sitt sjette album: «Gitarferd».

Klimprar: Stig Ulv har spesialisert seg på gitartonar. Arkivfoto: Janne-Marit Myklebust  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

Strengekunstnaren Stig Ulv har laga ferdig sitt sjette album, som han skal lansere på maritimt vis: Sleppfesten skjer om bord i MS Slogen, som går frå Sæbø til Bjørke. Når båten legg til kai, vert det konsert om bord, der han skal framføre heile den nye plata, pluss litt til. Etterpå returnerer båten til Sæbø.