Audmjuk festspeldiktar

Årets festspeldiktar, Carl Frode Tiller, er ein av dei mest prislønte og kritikarroste forfattarane i Noreg i dag, men han søkjer sjeldan merksemd. Publikum kan vente seg eksklusive møte under Dei nynorske festspela i Ørsta 13.–16. juni.

Festspeldiktar Carl Frode Tiller.  Foto: Therese Alice Sanne

Kultur

I bøkene sine har han eit blikk nedanfrå, tett på kvardagsmennesket i distrikta. Han granskar djupe, mørke sider ved mennesket og nyttar særs kreative forteljeteknikkar for å skildre karakterane sine. Dette blikket kan publikum få oppleve på fleire måtar under årets festspel. Tiller stiller til eit eksklusivt forfattarintervju med litteraturkritikar Margunn Vikingstad, og ein samtale til om sitt forhold til ein anna viktig norsk forfattar, nemleg Jon Fosse.

Carl Frode Tiller (49) brakdebuterte med Skråninga i 2003. Boka fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris, P2-lytternes romanpris og blei nominert til Brageprisen. Sidan har han skrive fem kritikarroste romanar, og har mellom anna blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger.

Med ein slik CV er han meir enn ein verdig festspeldiktar, men sjølv seier han at han ikkje er så komfortabel med mykje merksemd. Tiller held seg stort sett ved skrivebordet i firemannsbustaden på Rotvoll, utanfor Trondheim. Mange har spurt han om det er eit slags opprør at han ikkje har flytta til Oslo, slik mange andre forfattarar gjer.

–  Det er jo eit absurd spørsmål, men avslører kanskje litt av tankegangen til nokre som bur i meir sentrale strøk. Litt som at enkelte synest det er pussig at eg legg handlinga i bøkene mine til distrikta. For meg er det ei sjølvfølgje å skrive om det eg kjenner best, seier forfattaren.

Temautstillinga Innanfrå, utanfrå utforskar forteljargrepet til Tiller på fleire måtar, og kan opplevast både utanfor Ivar Aasen-tunet og inne i utstillinga. Den siste romanen hans tematiserer også klimaspørsmål og mennesket sitt forhold til naturen. Skodespelarar frå Det Norske Teatret vil lese frå denne under festivalen.

– Å høyre dyktige skodespelarar framføre litteratur på denne måten skapar ei heilt spesiell stemning. Tilbakemeldingane frå det tilsvarande arrangementet i fjor var fantastiske, seier programansvarleg for Festspela, Olav Øyehaug Opsvik.

I tillegg til alt dette får publikum eit eksklusivt og spennande møte med heilt nye tekstar frå festspeldiktaren under opninga av festivalen. Der skal han framføre både prosa og poesi saman med gitarist og lydkunstnar Stian Westerhus.

– Dette blir ei opning utanom det vanlege. Det er berre å glede seg! seier Opsvik.