Sommarhit frå Vassendgutane?

Den 7. juni slepp Vassendgutane den fyrste av to nye songar i 2019. Skaldyrfest er tittelen på bandet sin nye melodi.

Sindre Aam under konserten i Ørstahallen. 7. juni er Vassendgutane klar med ny musikk.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

– Dette er forteljinga om Vassendgutane sin eigen trekkspel-gut. Ernst Brune, som i ung alder mønstra på fiskebåt som fiskar. Etter 3 veker på havet, var fiaskoen eit faktum. Unge Brune låg heile tida over ripa på båten. Bleik og utmagra vart han sett på land, opplyser managementet til Vassendgutane.

– I vaksen alder har Brune likevel fått oppleve draumen om sjølivet, kjøpt seg båt, med teiner og teinehalar. Han er stadig å sjå på den vakre Ørstafjorden på leit etter krabbar og kreps. Fru Brune sit heime med skaldyrkokar, kald øl og vin i med håp om å stelle i stand ein skaldyrfest.