Vil fylle gatene i Volda med musikk og parade

Med eigen musikkparade vert årets Storbandtreff i Volda sparka i gang laurdag. Arrangøren ber folk om å leite instrumenta sine eller bruke songstemna og bli med på paraden gjennom Volda.

Storbandtreff: Svein Hunnes og Helge Hamsaas vonar på godt vêr laurdag og mykje folk når det vert arrangert Storbandtreff med gataparade i Volda.  Foto: Joachim Åsebø

Kultur

For tredje gong arrangerer Høgskulen i Volda og MixMasters Storbandtreff i Volda.

– I fjor regna paraden vekk, men det første året vart det ein stor suksess. I år har vi bestilt godt vêr, seier Svein Hunnes og Helge Hamsaas.

Målet med å arrangementet er å samle alle som er glade i storbandmusikk. Ulstein storband og MixMAsters har vore med alle tre åra. Nordøyane storband, Heilt blåst og Veterankorpset tek og turen til Volda i år. Treffet vert starta med ei kort fellesøving før musikarane tek til gatene i Volda.

– Vi startar med gateparade. Vi ønsker å lage litt liv og røre i Volda sentrum og vise musikkglede. Det første året vi gjorde dette fekk mykje gode tilbakemeldingar, seier Hunnes.

Banda som tek del i Storbandtreffet vil utgjere paraden, men arrangøren vonar at fleire vil slenge seg med.

– Gateparaden er open for alle. Spelar du eit blåse- eller perkusjonsinstrument er du velkomen til å vere med. Nokre har kanskje ei gammal uniform dei vil blåse støvet av? Det og lov å bli med i paraden og synge med på songane.

Gateparaden startar frå Rokken og går gjennom Volda sentrum. Den ender ved musikkpaviljongen i Volda sentrum.

– Her blir det gratis utekonsert der alle banda som er med på treffet får presentere seg.

Storbandtreffet vert avslutta med konsert i konsertsalen på Kaarstad-huset om kvelden.