Leiar Grand Prix i Ørsta:

– Vi heiar på Noreg og Mia Gundersen

Laurdag blir det Melodi Grand Prix-fest på hotellet i Ørsta med Mia Gundersen som programleiar.

Til Ørsta: Det blir Melodi Grand Prix-fest med Mia Gundersen laurdag. Foto: Espen Solli 

Kultur

– Endelig kjem kjem sjølvaste Mia Gundersen til Havila Hotell Ivar Aasen. Laurdag 18 mai leiar ho Eurovison Song Contest her i Ørsta, seier hotelldirektør Diana Moldskred i ei pressemelding.

Skårasalen blir pynta til fest med småbord, storskjerm, bobler og glitter. Etter finalen vil DJ Patrik frå Sverige spele musikk ut i dei seine nattetimane ifølgje hoteldirektøren.

– Vi heiar på Noreg og Mia Gundersen på Havila Hotel Ivar Aasen og håper du blir å sjå blant oss, seier Moldskred.