Endringar i festspelprogrammet

– Må avlyse

Forfattar Olaug Nilssen må avlyse sitt besøk til Dei nynorske festspela.

Olaug Nilsen kjem ikkje til Festspela likevel.  Foto: Benr R Synnevåg

Kultur

– Det er veldig synd at Nilssen må avlyse. Både ho og vi hadde sett fram til innslaga ho skulle delta på. Heldigvis har vi fått på plass gode erstatningar, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding.

Nilssen skulle både halde årets opningstale, delta på ein samtale under Målbar ved Møre Folkehøgskule og intervjue festspeldiktar Carl Frode Tiller.

– Det måtte tre nye utøvarar til for å fylle hennar sko. Årets opningstale vert no ved filolog og forfattar Kristin Fridtun. Under Målbar skal Egil Olsen halde ein eksklusiv konsert med sine eigne, nynorske gjendiktingar av eigne songar, medan litteraturkritikar Margunn Vikingstad skal samtale med festspeldiktaren, heiter det i pressemeldinga.