Rundt 700 testa allmennkunnskapen sin i påska:

– Kva kommunar går inn i Kinn kommune?

Deltakarane i Påskerebusen på Sæbø fekk sett kunnskapen sin på prøve langfredag og 1. påskedag. Sjølv om vêret ikkje var det beste søndag tok rundt 700 barn og vaksne del i arrangementet.

Påsketradisjon: For familien Skaar Berg er det tradisjon å vere med på Påskerebusen. Bak f.v. Bente Skaar, Arild Berg, Bård Berg. Tine Skaar Berg og Andrea Skaar Berg. Framme f.v. Bertine Skaar Berg og Leah Johanne Asbjørnsdotter Skotte.   Foto: Joachim Åsebø

Kultur

Sidan 1990-talet har fotballgruppa i Sæbø IL arrangert Påskerebusen. For svært mange er arrangementet ein fin aktivitet å samlast rundt, i tillegg til at kunnskapsspørsmåla leitar fram konkurranseinnstinktet for fleire. Eit av laga som tok del både langfredag og 1. påskedag var tre generasjonar i familien Skaar Berg.