Fengande filmmusikk

Cinemagi på Høgskulen

– Musikk skaper bilde og musikk og film høyrer saman, sa konferansier Gunnar Strøm.

Cinemagi: Høgskuleorkesteret med Høgskulekoret og dirigent Elisabeth Oltedal leverte ein fin og innhaldsrik konsert søndag.  Foto: Svein Aam

Kultur

Den alltid entusiastiske filmprofessoren har hatt ei travel helg, med å leie konsertar med filmmusikk både på Sæbø og i Volda.

Søndag baud Høgskuleorkesteret og høgskulekoret inn til konsert med tittelen Cinemagi, og Strøm var ein sjølvskriven konferansier.

– Romantisk klassisk musikk har blitt den typisk filmmusikk. Den symfoniske musikken verkar naturleg i spelefilmen, sa Gunnar Strøm mellom anna.


.

Populært: Det var fullt i kantine i Berte Kanutte-huset.  Foto: Svein Aam

Traff blink

Kantina på Berte Kanutte- huset  var fullsett, så her er det tydeleg at Høgskuleorkesteret har treft blink med opplegget sitt.

Publikum fekk mellom anna høyre frå Hobbiten, Game of Thrones og den rikhaldige Disney-katalogen. Koret med solistar framførte ein medley frå musikalen Les Miserables. Etter pause var det klar for ein norsk filmusikklassikar frå Flåklypa. Klassisk er også temaet til Pink Panter, og her dansa Julijane Remmereit til musikken. Etter pausen kom eit tema frå ein av Harry Potter-filmane, Og så vart det pangavslutning med musikk frå ulike James Bond- filmar. Publikum kravde ekstranummer, og dermed vart det ein ny omgang med Pink Panter.

Stressa

For musikkstudenten Nikolas Frimannslund frå Svelgen vart kvelden spesiell. Han debuterte som dirigent, og leia orkesteret på ein tydeleg og presis måte.

– Eg var definitivt stressa før eg gjekk på scena, men då eg stod der gjekk det som smurt, seier Frimannslund.

Debutant: Nikolas Frimannslund debuterte som dirigent.  Foto: Svein Aam