Tonje klar for The Voice-duell

Førstkomande fredag er det klart for første runde med utslagsduellar i The Voice. Tonje Aakre (20) skal duellere mot Amalie Hamborgstrøm.

Amalie Hamborgstrøm og Tonje Aakre skal duellere i The Voice fredag. Her saman med programleiar Øyvind Mund.  Foto: Robert Dreier Holand

Kultur

Den innleiande delen av songkonkurransen The Voice på TV2 er ferdig. No startar utslagsrundane der to og to deltakarar konkurrere mot kvarandre. Tolv deltakarar er sett saman to og to av mentorane sine. Ein av duellantane får vere med vidare, medan dei andre mentorane kan stele den deltakaren som står att. Første program går fredag 1. mars, og då blir det gjensyn med Tonje Aakre frå Ørsta.


Vidare i The Voice

- Det var dritkult!

Tonje Aakre (20) frå Ørsta er vidare i songkonkurransen The Voice på TV2.

 

20-åringen er på laget til mentor Martin Danielle Bjercke. Aakre skal synge «Ain´t Nobody» av Jasmine Thompson. Ho skal duellere med jamaldringen Amalie Hamborgstrøm frå Fredrikstad. Ho skal synge «The Story» av Brandi Carlile.


Venche og Tonje er med i The Voice

Det blir fleire lokale innslag i songkonkurransen The Voice.