På Orgelsafari i Ørsta sentrum

– Det vesle eg spelte, vart kjempestort på det store orgelet!

–Å bruke føtene til å trø, var vanskeleg, for då gløymde eg nesten å bevege fingrane.

Orgel: Anne Julie Parr prøvar ut trøorgel. Ho framførte Sommervalsen. Foto: Privat 

Trøorgel: Hans Lefdal har samla saman 22 ulike trøorgel. Foto: privat 

Kyrkja: Kantor Marie Austrheim Riise i Ørsta kyrkje. Foto: Privat 

Kultur

Ein treng ikkje å reise til Amerika for å gå på orgelmuseum! I kjellaren på Ørsta kulturhus har Hans Lefdal samla 22 ulike trøorgel. Hans spelar ikkje orgel sjølv, men barnebarnet Leah, er elev ved kulturskulen på piano. I februar tok difor pianolærarane Robin Windsrygg, Sigurd Elias Halse og Brita Høydal med seg pianoelevane på ein eigen ekskursjon, ein orgelsafari i Ørsta sentrum.

Fleire av elevane gledde seg til tysdagskvelden der dei skulle få prøve ut fleire orgel og sjå korleis orgelet såg ut inni. Det vart både trim for fingrar og føter, når elevane fekk prøve ut sine eigne pianostykke på trøorgel.

Erfaringsbesøk hjå kantor Marie Austrheim Riise

Ingrid Øyehaug Moe (10 år) gledde seg særs til det som kom etterpå, nemleg å få spele på dronninga av alle instrument som stod på galleriet i Ørsta kyrkje. Marie Austerheim Riise, kantor, tok imot pianoelevane på galleriet i kyrkja. Fleire av pianoelevane hadde førebudd musikkstykke som egna seg godt til orgelinstrumentet. I fellesskap utforska elevane dei 26 stemmene som orgelet kunne variere med. Det var fleire hundre piper! Orgelet i Ørsta kyrkje er eit Vestre-orgel som vart teken i bruk i 1964. Det har to manualar (tangentrekker) og pedalverk.

Tangentinstrumentet orgel med belgverk, vindlader, traktur, pipeverk og orgelhus

Gjennom orgelsafarien fekk elevane erfare at det dei kunne frå pianoundervisninga, kunne dei og bruke på orgelet, sjølv om orgelet oppførte seg på ein heilt annan måte. I eit piano er mekanikken forma slik at det vert lyd når ein filthammar slår på ein streng. Lyden som eit piano produserer er strengelyd, som minkar i grad etter kvart som strengen ligg i ro. På eit orgel, kan ein få lyd så lenge ein vil, berre det vert tilført jamn luftstraum i orgelpipa til tangenten ein trykker ned. På trøorgel var dette lett å erfare, for det var ganske energikrevjande å trø. Fleire av elevane måtte verkeleg konsentrere seg om å trø, viss ikkje kom det berre eit svakt pip i orgelet. I kyrkja, vart det nesten overveldande, ei kraftig og jamn lydmasse kunne produserast av den elektriske pumpa til orgelet.

Marie viste elevane korleis luft vart pumpa igjennom store orgelpiper av tre, og heilt ned til metallpiper, så tynne som strikkepinnar. Bak orgelpipene, i eit eige rom fekk elevane sjå at orgelpipene stod i fleire etasje, og elevane fekk høyre korleis pipene fargela musikken etter korleis dei stod og var forma ut. Å sitte ved eit kyrkjeorgel, er som å styre eit heilt orkester! Ungane lurte på kvifor orgelet hadde spegel, slik som bilane? Marie fortalde om sine erfaringar med brudepiker og brudesveinar som ofte var vanskelege å sjå, når organisten skulle vere klar å spele preludium til brudeparet. Ja, orgelet liknar på superbilen Il tempo Gigante, med spegel, luftmålar og alle slags knappar.

Framtidige organistar?

Til slutt fortalde Marie om rekruttering til yrket og kvar i landet ein har organistutdanning. Ho fortalde korleis ho sjølv måtte lære seg å lese ei ekstra notelinje, tilhøyrande pedalverket, då ho skulle lære seg instrumentet. Vi håpar at orgelsafarien gir meirsmak og inspirasjon, og at verdien av å få treffe vår eigen organist, der ho arbeider og har sitt yrke, er stor.