Musikalen 2019

– Vi har mykje jobb framfor oss

Det seier Madeleine Vatne Viddal, etterfølgt av ein nervøs latter. Ho har i år fått ansvar for gruppa som skal produsere digitale kulisser til musikalen.

Madeleine og ein medelev er interessert i kva Håvard Krøvel-Velle seier. Han er lærar hjå Volda Vidaregåande og fungerar som ein mentor.   Foto: Mathilde Heggen Listou

Kultur

Ho har lenge vore interessert i animasjon og grafikk, så dette er ein jobb midt i blinken for ho.

– Men, eg reknar med det går bra, seier ho med eit smil.

Musikalen er eit samarbeid mellom Musikk, dans & drama og Medium & kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Back to the Future er den 23. musikalen i rekka og har premiere 19. februar på Ørsta kulturhus.

Madeleine syns det er særs kjekt å arbeide med digitale kulisser.   Foto: Ida Amalea Furseth

 

Madeleine Vatne Viddal er 17 år.

 Ho kjem frå Ørsta, eller nærare sagt – Vatne. Ho valde å gå medium og kommunikasjon hos Volda Vidaregåande for å gjere ting som dette.

– Eg såg mange andre som lagde kunst, både på papir og digitalt. Då fekk eg lyst å prøve sjølv, og oppdaga kor kjekt det var. Interessa vaks veldig, fortel ho.

Det ho likar med digitale kulisser er at det skaper ekstra dimensjonar framme på scena. Ein har moglegheit å uttrykkje seg kreativt. Det er ikkje naudsynt å ha konkrete produkt, men heller litt meir abstrakte. Der er til dømes ei scene som går føre seg ein kald plass. Då har Madeleine fått i oppgåve å skape kjensla av kulde. Då skal ho bruke blå nyansar, kalde fargar, snøkrystallar og andre element.

– Å jobbe med digitale kulisser er krevjande. Det er mykje meir jobb enn ein skulle tru, kan Madeleine forsikre om.

Det ligg mykje arbeid bak

– Når ein ser eit produkt nokon andre har laga, tenkjer ein ofte ikkje over alt arbeidet som ligg bak. Å legge inn element slik ein kan animere seinare, og at alt skal røre seg på ein naturleg måte er særs krevjande, seier ho.

Det gjeld å halde tunga beint i munnen når ein jobbar med kulisser.  Foto: Ida Amalea Furseth

Men ho tykkjer likevel det er utruleg kjekt. Som sjef for gruppa som lagar digitale kulisser har ho mange ansvarsområde, i tillegg til å produsere kulisser sjølv. Ho har prøvd å halde prosessen ryddig og strukturert for å unngå forvirring og unødig stress. Ho samlar inn til eit møte på starten av dagen der ho høyrer med medelevane sine kva kulisser dei skal jobbe med den dagen, eventuelt oppdaterer ho folk på oppgåver som må gjennomførast.

Gler seg til reisa

Ho fortel at det viktigaste fram til premiera er å følge med på alle fristane dei må halde.

– Vi har tidsfristar på rekke og rad, og desse må vi halde. Om ikkje går det skeis, rett og slett, seier ho.

Ho gler seg veldig til å sjå dei ferdige produkta til resten av gruppa si, ho har trua på at det blir veldig bra. Både Madeleine sjølv og gruppa hennar har allereie lært mykje, trass i at dei så vidt har begynt. Det er enda langt til mål, og Madeleine gler seg til reisa musikalen 2019 byr på.