Nora gjekk vidare i The Voice

Nora Aurdal (20) frå Volda imponerte dommarane i The Voice fredag og tok seg vidare i songkonkurransen.

Imponerte: Nora Aurdal er vidare i The Voice. Foto: Tv2  Foto: TV2

Kultur

Aurdal song «Comeback» av Ella Eyre og leverte eit forrykande show som første deltakar i programmet fredag. Både Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam og Martin «Danielle» Bjercke trykte på den raude knappen som indikerer at dei ville vere mentor for Volda-jenta.

– Ho hadde ein super diva-performance, veldig sassy og hadde dei blikka. Du eigde den, sa Wolde-Mariam som er kjent frå Madcon.

– Det var utruleg mykje kult som du gjorde der. Eg digga attityden i stemma di og måten du gjorde det på. Vi koste oss alle saman, og eg trur vi heldt deg litt lenge på pinebenken, men det fiksa du heilt fint. Eg tykker at det var dritbra, sa Lene Marlin.

– Du hadde ein veldig fin energi gjennom heile låten. Det var mykje glede i stemma di. Du dreiv låten med kraft, men likevel avslappa. Det gav låten ein god driv som gjorde at det vart behageleg sjølv om trykka på.

Nora måtte velje kven ho ville ha som mentor vidare i programmet av dei tre dommarane. Valet fall på Lene Marlin.