Studentane i Volda inviterer til folkefest for 34. gang

Den beste VEKA i året

Etter fleire månader med planlegging byrjar endeleg dei siste bitane å kome på plass før årets lengste veke brakar laus. Gjengen bak det som må vere landets yngste 34-åring ber ikkje preg av å trappe ned på nokon som helst måte. Det blir VEKA i år også.

VEKA: Søndag startar VEKA i Volda. Pressefoto/Matias Myklebust 

Kultur

Som alltid startar VEKA i Volda med den sagnomsuste Vekerevyen. I år går den under namnet X3MT og tar utgangspunkt i kor ekstrem verda faktisk held på å bli. Kor ekstrem revyen blir kan du sjå når skodespelarane tek over scena 10.–12. februar.

Noko for kvar og ein

Blant årets musikalske innslag finn ein mykje ulikt, alt frå gamle favorittar som Gåte og Haddaway, til dei nye stjerneskota Boy Pablo og Dagny.

– Eg tør påstå at årets lineup må vere den mest varierte så langt og det skal nok litt til for å ikkje finne noko ein likar, seier årets VEKA-sjef Susanne Kingren Storaker.

Kjartan Lauritzen, Funkin Matt, Hit for Hit og Cinnamon City står også på programmet, og under VEKA-tradisjonen Livleg Laurdag 16. februar blir det barnekonsert med Vilde og Anna kjend frå MGPjr.

Variert program

Men VEKA i Volda handlar ikkje berre om musikk. Det er også mange andre aktivitetar ein kan vere med på.

– I likskap med tidlegare år ynskjer vi å fortsette med eit variert program, og vil spesielt halde på dei som er gratis og alkoholfrie, som til dømes dataspelturnering og VEKAløpet. Slik kan forhåpentleg alle finne noko ein vil vere med på, forklarar Kingren Storaker.

I år finn ein mange gode gjengangere på programmet, blant anna bassengfest og vinsmaking. Men som alltid har VEKA også eit par nye innslag på plakaten. I år er det blant anna Tollaks Valentines Games og Pils & Vinyl som får høve til å bli fast inventar.

Årets VEKA held på frå 10.–23. februar og meir informasjon finn du på Facebook.