Har funne plass til Cantando

Kommunen har funne plass til koret Cantando slik at dei får halde fram med øvingar på Vartdalsstranda.

Cantando: Koret Cantando får no øve på Vartdal skule. Arkivfoto  Foto: Rune Sæbønes

Kultur

Cantando spurde Ørsta kommune om øvingslokale på skulen på Vartdal, men fekk tilbod om å nytte klasserom i den nye fleirbrukshallen i Ørsta sentrum. Bakgrunnen for tilbodet var at kommunen ønska å samle tilbodet om disponering av gratis øvingslokale på ein plass med omsyn til økonomi og personvern. Kommunen har no makta å finne lokale på Vartdal skule utanom klasseromma.

– Rektor ved skulen har gjeve koret beskjed om dette. Desse lokala inneheld ikkje materiale som kan verta ramma av personverndirektivet GDPR, og kan difor nyttast utan at det er fare for lovbrot, heiter det i eit brev frå seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp.

Hans Olav Myklebust (Frp) stilte og spørsmål om saka og den vart diskutert i formannskapet tysdag.

– Det var heilt ulogisk at dei skulle inn i hallen her for å øve. Eg er glade for at det vart funne ei løysing, sa Stein Aam (Sp).