Nora er med i The Voice

Lokalt innslag i The Voice.

The Voice: Nora Aurdal frå Volda er med i The Voice.   Foto: Robert Dreier Holand/TV2

Kultur

TV2 er i gang med ei ny runde med The Voice, og jaktar på ny etter dei beste songstemmene i Noreg. Komande fredag vert det eit lokalt innslag i programmet. Nora Aurdal (20) frå Volda skal synge «Comeback» av Ella Eyre. Så står det att å sjå om ho overbeviser Morten Harket, Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam eller Martin «Danielle» Bjercke.