Ny EP frå Pikekysz

– Vil lage musikk som betyr noko

Vokalist og låtskrivar Mariann Humberset tek Pikekysz-publikummet med ei veldig personleg og ærleg reise på EP-en «Game Change».

Ny musikk: Pikekysz gav i førre veke ut ein ny EP. Ørsta-bandet arbeider og med ny musikk, og i helga spelar dei konsert i Oslo. Foto: NEO  Foto: NEO

Publikummet vårt skal føle at dei er med på eit eventyr

Mariann Humberset
Kultur

– Eg gjekk gjennom ei veldig tung tid då eg skreiv desse songane. Namnet på EP-en kom på plass heilt på slutten, og for meg betyr den å endre måten eg har gjort ting, snakke om psykisk helse og korleis vi handterer ulike utfordringar, seier Humberset.