- Ein prestasjon ingen andre norske band kan skilte med sidan 90-talet

Ørsta-bandet Rotlaus sitt album "På vei", utgitt i januar 2018, har ligge samanhengande eitt år på VG-lista topp 40 album.

Rotlaus gav ut låten "La dagen vare evig" førre fredag.  Foto: Pressefoto

Kultur

- Dette er ein prestasjon ingen andre norske band kan skilte med sidan 90-talet. Bandet er i dag det mest avspelte norsksprålege bandet i Noreg, opplyser Rotlaus-crewet i ei pressemelding.


 

No ligg dei, som einaste norskspråklege band på den offisielle topplista over mest avspelte songar i landet. Dette med si nyaste utgiving, "La dagen vare evig", som kom ut førre fredag. Denne nærmar seg allereie 300.000 avspelingar på berre ei veke.


Rotlaus-sjefen tilbake på vegen etter smellen

Utselde konsertar over alt. Lange reiser og lite søvn. Til slutt sa det stopp for Rotlaus-sjef Bjørn Marius Øyehaug.

 

Rotlaus, med Bjørn Marius Øyehaug i spissen, er booka til langt ut i 2020, og har allereie selt ut fleire stader.

- Bandet er kjent for å ha ein heilt unik kontakt med publikum. Som vokalisten seier, vi har ikkje "fans", vi har vener.


Musikk i sentrum fyller fem år

Alle skulane på Rotlaus-fest i Ørstahallen

Dei over 1.300 skuleelevane i Ørsta vert inviterte på Rotlaus-fest.


Utover dette har bandet i løpet av 2018 fått desse utmerkingane: 

Singel:

- Gullplate, Bygderamp singel (Utgitt 2016)

- Gullplate, Møt mej i minna (Utgitt 2016 )

- Gullplate, Byjenta (Utgitt 2016)

- Gullplate, Rundt neste sving (utgitt 2017)

- Gullplate, Syng mej en song (utgitt 2017)

- Gullplate, Ei runde til (Utgitt 2017)

- Gullplate, Berre i natt (utgitt 2018)

- Platinaplate, Byjenta (utgitt 2016)

- Platinaplate, Rundt neste sving (utgitt 2017)


Album:

- Gullplate, Bygderamp album (Utgitt 2016)

- Gullplate, På vei album (Utgitt 2018)

- Platinaplate, Bygderamp album (Utgitt 2016)

- Platinaplate, På vei album (Utgitt 2018)