"Må vi danse" i Volda

- Brutalt gøy

Det vart ein laurdagskveld utanom det vanlege i Volda, då lokale heltar fekk vise fram danseferdigheitene sine i «Må vi danse».
Kultur

Med raud løpar, feststemte menneske og mykje dans og moro på programmet, vart «Må vi danse» ein festkveld utanom det vanlege i Propellhallen. Lovorda sat laust både blant publikum og arrangørane.

- Det er brutalt gøy og pågangen har vore vanvitig. Vi kunne sikkert selt dobbelt så mange billettar, men eg er redd det hadde forringa heilheitsopplevinga. All ære til Silje Grevsnes og Kulturbygda for å ha fått dette i stand, seier Odd Kåre Fløtre, som sat i dommarpanelet for kvelden.