Sjå dokumentaren om Vassendgutane:

Film om Vassendgutane ute

Vassendgutane, som fekk overrekt enda ei gullplate 2. juledag, er no å sjå i dokumentarfilmen «Sytalause Spelemenn».
Kultur

Filmen tek for seg  Vassendgutane som er eit av dei mestseljande banda i Norge, men som kritikararar overøser med låge terningkast og nedsettande kommentarar.

- Kvifor vert den folkelege og norske kulturen ikkje rekna som kvalitet i nettopp vesle Norge? Kvifor er det så lett å slakte eit band som Vassendgutane og deira sjangerbrør?

Det er utganspunktet for rockumentaren frå den mangeårige journalisten, Roger Oldeide. Dokumentarfilmen, som var Oldeide si masteroppgave frå Høgskulen i Volda, vart vist på TV2 i januar 2016.

Roger Oldeide  Foto: Privat

Filmen har ikkje vore tilgjengelig nokon plass sidan, men no har Oldeide slept filmen på YouTube.

- Både eg og Vassendgutane har fått fleire henvendingar frå folk med spørsmål om kor det er mogleg å sjå filmen. Difor er det kjekt å kunne publisere den no. Det er jo tross alt jul, seier Oldeide.