Gir ut julesingel

Marit Lystad Johansen legg countrysjangeren litt til side på den nye singelen «The day».

Julesong: Marit Lystad Johansen har gitt ut julesongen «The day». Foto: Henning Frode Dispen 

Kultur

Denne veka slapp Marit Lystad Johansen julesongen «The Day».

– Tidlegare i år gav eg ut eit countryalbum, men er countrysjangeren lagt litt til side. Arrangementet er nedstrippa med piano som hovudinstrument. Teksta og melodien er melankolsk, heiter det i ei pressemelding.

«The day» vart skrive tilbake i 2001 då Lystad Johansen gjekk på folkehøgskule.

– Låten vart litt gløymd, men då vi byrja å tenke på å lage ei julelåt vart denne songen henta fram att, arrangert og spelt inn. Det vart litt i siste liten, men eg håper at folk har tid til å høyre litt meir julemusikk i år.

Songen er tilgjengeleg på mellom anna Spotify.