Utekonsert med Dagsland

Laurdag 15. juni spelar Sigvart Dagsland i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela.

Til Aasen-tunet: Sigvart Dagsland kjem til Dei nynorske festspela neste år.  Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Kultur

– Det er veldig kjekt å få ønskje Sigvart Dagsland velkomen tilbake til Ivar Aasen-tunet. Med både tekst og tonar klarer han å ta tak i djupe og alvorlege tema og skape vakker musikk med brei appell, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet i ei pressemelding.

Den folkekjære artisten kjem til Dei nynorske festspela med fullt band. Sidan 1985 har han gitt ut 15 soloalbum, halde eit utal konsertar og fått fleire prisar, mellom anna Prøysenprisen i 2008. Dagsland debuterte som tekstforfattar på det tiande albumet sitt, «Fri» i 1998, og har seinare skrive mange av tekstane sine sjølv. Dagsland har seld meir enn 250 000 plater berre i Noreg.

Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og Forteljingar som tema. Det og klart at Mari Boine kjem til Dei nynorske festspela.