Ørsting i agent-reality

Ako Safari frå Ørsta er med i NRK si nye satsing, "Den ultimate agent".

Ako Safari er med i "Den ultimate agent", som har premiere på NRK 12. januar.   Foto: Sarosi Zoltan

Kultur

12. januar er det premiere på NRK si nye laurdagsunderhaldning.

- Eit underhaldningsprogram og ein leik med agent-universet som vi kjenner godt frå film og TV, skriv NRK på sine nettsider.

Gjennom ti program skal deltakarane skygge og verte forfølgt, knekke kodar og avsløre. Deltakarane kjem frå heile landet, og har svært ulike livserfaringar og yrke.

Som gode agentar må dei lære seg å takle alle situasjonar. Dei må vere ekspertar på å gøyme seg, kunne riste av seg forfølgjarar og operere fullstendig skjult.

- Kven er den smartaste, sterkaste, raskaste, best forkledde, eller berre den beste til å lyge når det gjeld? spør NRK.

16 deltakarar er med i NRK si satsing, "Den ultimate agent".   Foto: Sarosi Zoltan

 

Det er 16 agentspirer med, som vert delt opp i to lag. Team Buda og Team Pest. Programmet går, som lagnamna kanskje tilseier, i Budapest i Ungarn. Her skal dei også få opplæring og verte trente i faget. Og i kvar episode skal laga gjennom to oppdrag: eit feltoppdrag og eit hovudoppdrag. Laget som taper hovudoppdraget må sende tre av medlemene sine gjennom hinderløypa "Flukten". Den som taper, må reise heim. Til sist står det berre ein igjen: Den ultimate agent.

Programleiar er Martin Giæver.

Frå Ørsta

33 år gamle Ako Safari frå Ørsta er med i serien. Han bur no i Oslo der han jobbar som ingeniør og seksjonsleiar. Sjølv seier han at han er "kurder frå Sunnmøre". Han kom til Sunnmøre som 12-åring etter å ha budd i flyktningleir heile livet saman med familien.

- Kva eigenskapar har du som gjer at du vinn heile konkurransen? er eitt av spørsmåla NRK har stilt han.

- Eg vil ikkje sitte her og seie at eg kjem til å vinne heile konkurransen, men bakgrunnen min har gjort at eg er god til å tilpasse meg. Det vil vere nyttig. I tillegg er eg ein positiv og aktiv person.

Han fortel at han var på hyttetur på Trolltunga då han såg at NRK søkte deltakarar til ein agent-reality.

- Alle som var der sa "Ako, du må melde deg på dette".

Og det gjorde han.

Han håper at han får hoppe i fallskjerm i løpet av konkurransen. Det har han aldri gjort før, men han drøymer om å få sjansen.