Ny opptur for Øyehaug

Forfattarskapen til Gunnhild Øyehaug får meir skryt i utlandet.

Skryt: Gunnhild Øyehaug har også skrive manus til ein langfilm - og ein kortfilm, og bøkene hennar kjem ut i Danmark, USA, Sverige og Tyskland. Foto: Helge Skodvin  Foto: Helge Skodvin

Kultur

No har den engelske omsetjinga av Gunnhild Øyehaugs roman «Vente, blinke», eller «Wait, Blink» som han heiter på engelsk, hamna på ei flott liste.

Han er nemleg inne på topp ti-lista til det sentrale bransjebladet Kirkus Reviews over beste omsette skjønnlitterære bøker for 2018 . På same liste finn vi namn som Haruki Murakami og Dubravka Ugresic. Omsetjinga er ved Kari Dickson, og forlaget som har gitt ut boka er Farrar, Straus & Giroux.

– Vi er stolte og glade. Og mildt sjokkerte, seier Øyehaug sin norske forleggar, Bjørn Aagenæs, i Kolon.

Gunnhild Øyehaug sin ferske roman «Presens Maskin» er nettopp seld til Danmark. Nyleg kunne vi òg lese at Øyehaug var nominert til National Book Awards i USA. Novellene hennar har òg fått den amerikanske kritikaren James Wood til å hente fram superlativa i storavisa The New Yorker.