Country- & gospelkonserten med Sivert Bjørdal

Gjesteartistane er klare

Det er på nytt tid for Country- & gospelkonsert med Sivert Bjørdal m/ band i Ørsta kyrkje. I år er Lillian Askeland og Stine Nilsen gjesteartistar.

Jubileum: I år er det tiande året på rad at Sivert Bjørdal held country- og gospelkonsert i Ørsta kyrkje. Pressefoto 

Kultur

29. november er det klart for ny konsert i Ørsta kyrkje for Sivert Bjørdal m/band.

– Denne konserten har no vore eit årleg arrangement i heile 10 år. Konserten starta som ein minnekonsert til ære for mor til Sivert, Ragna Bjørdal, som omkom i brann 2007 og som ei takk frå familien til redningsmannskap og alle som hjelpte og støtta under og etter brannen, seier Siv Astri Erlandsen, som er arrangør av konserten, i ei pressemelding.

Glede og sorg

Konserten har vore populær gjennom mange år og vore stadig i forandring.

– Sivert har teke med ein ny og spennande artist kvart år, men ramma rundt konserten er den same som tidlegare. Dette skal vere ein god og behageleg kveld, og det skal vere ei oppleving å sitje i kyrkja på tampen av året med samhald, varme, song og musikk. Det er innhaldsrike tekstar, både i glede og sorg, i sjangeren country og gospel.

Askeland og Nilsen

I år er det jubileum for konserten. Det blir markert ved at det er to gjesteartistar i Lillian Askeland og Stine Nilsen.

– Vi har i år fått med oss Lillian Askeland. Ho er eit legendarisk namn innan countrysjangeren og kjent som Norges Countrydronning. Stine Nilsen er eit kjent namn innan country her i sunnmørsregionen. Begge er dyktige songarar som leverer eksklusivt frå sjangeren, og det er ei glede å presentere desse to som våre gjester i Ørsta Kyrkje torsdag 29. november.

Erlandsen opplyser at billettsalet er i gang. Sivert Bjørdal har med seg Lars Reidar Lillestøl på bass, Frank Utgård på gitar, Alf Rune Melby på steelgitar, Stefan Olsen på mandolin og Arthur Johan Bjørdal på cajon.