Ivar og Johan Olaisen donerer 100 kunstverk til inntekt for Olav Strømme-galleriet

– Glad for å kunne bidra

Det nærmar seg ei realisering av Olav Strømme-galleriet i Kunsthuset i Ørsta. Eit svært sjenerøst bidrag frå brørne Ivar og Johan Olaisen frå Volda vil truleg gjere at finansieringa kjem i mål.

Kunstgåve: Ivar og Johan Olaisen gir vekk hundre grafiske verk til inntekt for Olav Strømme-galleriet i Ørsta. Her viser Ivar fram eitt seks kunstverk som skal auksjonerast vekk.  Foto: Joachim Åsebø

Det var eit fantastisk tilbod og ei gåve for oss i kunstlaget

Anne Ellingsen
Kultur

Seks handplukka bilete av kunstnarane Jens Johannessen og Karl Erik Harr skal fredag med i ein kunstauksjon. I tillegg til auksjonen vert det opna salsutstilling med nærare hundre kunstverk frå i hovudsak norske og svenske kunstnarar. Fellesnemnar for alle kunstverka som blir lagt ut til sal og som skal auksjonerast vekk er at dei kjem frå dei private samlingane til Johan og Ivar Olaisen.