Kunstprosjekt flyttar inn i Vikegata

– Kom på besøk til oss

Kunstnarane Hilde Frantzen og Anna Christina Lorenzen kom til Ørsta på måndag og gjennom den komande veka inviterer dei ørstingane inn i ein kunstnar sin arbeids- situasjon.

Kunstprosjekt i Vikegata: Anna Christina Lorenzen og Hilde Franzen har base i Vikegata 32 denne veka, og vonar at folk vil stikke innom for å sjå kva dei arbeider med.  Foto: Joachim Åsebø

Kultur

Kvart år arrangerer Møre og Romsdal kunstsenter prosjektveker rundt i fylket, der kunstnarar utviklar prosjekt i dialog med staden og publikum. Prosjektveke fire starta på måndag og har tilhaldsstad i Ørsta. Kunstnarane Hilde Frantzen og Anna Christina Lorenzen vil ha base i Vikegata 32, og la seg inspirere av det dei ser og opplever gjennom veka.