Volda og Ørsta korskule sjarmerte med ABBA-show

– Vi har det fantastisk kjekt i lag

Med fengjande svensk popmusikk frå ABBA vart det ein minnerik kveld både for store og små då Volda og Ørsta korskule inviterte til haustshow søndag.

Haustshow: Volda og Ørsta korskule heldt haustshow med ABBA som tema søndag.  Foto: Joachim Åsebø

Eg vonar at de også vil kome neste gong

Marit Lid Skorstad
Kultur

Gymsalen på Bratteberg skule var fullsett søndag med spente gjestar. Kormedlemmane i Volda og Ørsta korskule hadde kledd seg etter inspirasjon frå filmen Mamma Mia, og frå scena fekk dei unge korsongarane det til å rykke i dansefoten medan dei både sjarmerte og imponerte dei frammøtte.