Elisabeth Werp opna utstilling i Ørsta

– Eit vennskap for livet

I 1992 vart ørstingen Asle Myklebust kjend med Elisabeth Werp og kunsten hennar. Eit vennskap har bygt seg opp, og det førte både Elisabeth og bileta hennar til Ørsta i helga.
Kultur

I heimen til Asle og Turid Myklebust har bileta til Elisabeth Werp fått sine heidersplassar på veggane. Åtte kunstverk har funne sin heim i Ørsta. Bileta symboliserer at kunstnaren har ei betydning for ekteparet, og Werp sjølv set Asle og Turid høgt.