Lokale råvarer og rettar fengde under matfestival:

– Rart det ikkje har vore eit slikt tilbod tidlegare

Det mangla ikkje på kreativitet, lokale råvarer og spesialitetar, både på dagtid og kveldstid, under den første mat- og kulturfestivalen i Hjørundfjorden.

Med godt vêr var stemninga i Bakketunet laurdag god. 

Kultur

Den første utgåva av Hjørundfjord mat- og kulturfestival vart starta med eksklusiv gourmetkveld i Røykstova i Bakketunet fredag kveld. Per Atle Røed fortalde om dei lokale spesialitetane og historia rundt, medan elevane ved Restaurant og matfag ved Ørsta vidaregåande skule stod for maten. Kvelden vart ein suksess med nesten fullt hus.