«Ein skifilm for folket»

Filmmelding: Om denne anmeldinga skulle ha beskrive Millom bakkar og berg med tre ord, burde orda ha vore «kontrastfylt» «folkeleg» og «underhaldande».
Kultur

(Sunnmørsposten): I staden for det typisk actionanslaget ein kan forvente av ein skifilm, vert det her elegant bygd opp ei tredelt forteljing: vi blir presentert for skikøyrarar som er på vidt forskjellige stader i livet, men som deler den same lidenskapen for Sunnmørsalpane. Petter Westgaard (26) som ventar på dei perfekta forholda for å køyre ei trong, stupbratt renne. Den profesjonelle off pist-køyraren Karsten Gefle (37) som innrømmer at han er på tampen av karrieren, ventar barn nummer to, og vil lære si vesle dotter og stå på ski. Leif Hoggen (90) som med glimt i auget erkjenner at han ikkje er nokon ungdom lenger, men som liksom aldri lar seg stogge.