Sæbø Grand Prix og kassebilløp

Søndag arrangerer Hjørundfjord filmteater Sæbø Grand Prix 2018. Det blir mellom anna kassebilløp, grilling og vising av Flåklypa Grand Prix.

Kassebilproduksjon: Hjørundfjord Filmteater har arrangert kassebilproduksjon. 9. september er det duka for Sæbø Grand Prix, etterfølgt av filmvising av Flåklypa Grand Prix.  Foto: Privat

Kultur

For nokre veker sidan arrangert Hjørundfjord filmteater kassebilverkstad på Sæbø Dampskipekspedisjon. Her fekk alle som ville inspirasjon og hjelp til å bygge sin eigen kassebil.

På søndag er tid for løp og testing av kassebilane. Kassebilane skal konkurrere i ei løype som startar på Hjellen på Sæbø og som har målgang ved badestranda. Det er tre ulike startklasser i løpet: Formel 1 (barnehageborn), Formel 2 (skuleborn 1.–4. trinn) og Formel 3 (skuleborn 5. trinn og oppover). Alle som deltek i løpet får diplom. I tillegg vert det delt ut prisar til den mest kreative bilen, den raskaste bilen og pris for best gjennomføring.

Etter løpet blir det grilling på Kapteinskvia før premieutdelinga startar.

Det blir og filmframsyning på Sæbø Dampskipekspedisjon, og sjølvsagt er filmen Flåklypa Grand Prix. Gunnar Strøm vil halde ein kort introduksjon før filmen og det blir enkel kiosk.